Båtfører­registeret

Båtførerregisteret blir drive av Norsk Test AS på oppdrag frå Sjøfartsdirektoratet og inneheld informasjon om alle som har gyldig båtførarbevis.

Skal du føre ein vasscooter eller ein fritidsbåt som er over 8 meter lang, eller har ein motor med meir enn 25 hestekrefter, må du ha båtførarbevis.

Personar fødde før 1. januar 1980 er fritekne frå det obligatoriske kravet.

Du må registrere deg her før du kan ta båtførarprøva

Registrer deg

Prisen for å ta båtførar­prøva er kr. 940,-.

Har du mista beviset ditt?

Søk om duplikat

Prisen på duplikatbeviset er kr. 531,-.

Vegen til båtførarbeviset ditt

Registrering

Registrer deg og betal for båtførarprøva.

Testsenter

Finn eit testsenter for å avtale dato og tidspunkt for eksamen.

Eksamen

Gjennomfør eksamen ved eit testsenter.

Båtførarbevis

Beviset blir produsert og sendt i posten så snart du har bestått eksamen.

Registrering

For å kunne avleggje båtførarprøva må du registrerast i Båtførerregisteret. Registreringa kostar kr. 940,- og dekkjer eitt forsøk på båtførarprøva + utferding av båtførarbevis. Når du er registrert, får du oppretta Mi side, som gir deg full oversikt.

Testsenter

Båtførarprøva blir avlagd på eit testsenter. Prøva blir teken på datamaskin og retta automatisk.

Du kan søkje opp og finne det testsenteret som passar best for deg, og avtale eit tidspunkt for når du skal ta eksamen.

Finn testsenter

Du kan òg bruke testkalenderen for å melde deg på direkte sjølv.

Testkalender

Eksamen

Før eksamen

VIKTIG: Les dette før eksamen

For å få ei kjensle av korleis det er å ta eksamen, kan du ta ein demotest.

Start demotest

Etter eksamen

Bestått: Beviset blir produsert fortløpande når du har bestått eksamen og profilbiletet ditt er godkjent. Normal leveringstid er innan 2–3 veker.

Ikkje bestått: Ta eit nytt forsøk etter 14 dagar. Kon­tinuasjons­prøva betaler du på Mi side.

 Mi side

Båtførarbevis

Båtførarbeviset lèt deg føre norske fritidsbåtar på opp til 15 meter og opp til 50 knop, innanfor grensene til Noreg. Skal du føre båt i utlandet, kan det hende du i tillegg treng eit internasjonalt båtførarsertifikat (ICC). Kan båten gå 50 knop eller meir, må du også ha høyhastighetsbevis.

Båtførarbevis i bankkortformat

Tapt eller stole bevis

Har du mista båtførarbeviset ditt, kan du søkje om å få utferda eit nytt ved å fylle ut ein duplikatsøknad frå  Mi side . Har du ikkje ein profil, må du registrere deg først. Tenesta kostar kr. 531,-.

Internasjonalt båtførarsertifikat (ICC)

For deg som vil føre båt på ferie.

Skal du føre båt i utlandet, er det ikkje sikkert at det norske båtførarbeviset er tilstrekkeleg. International Certificate of Competence (ICC) er ein internasjonal standard for fritidsbåtsertifikat.

Hos Sjøfartsdirektoratet kan du lese meir om ordninga og finne søknadsskjema.

Internasjonalt båtførarsertifikat (ICC)

Er det noko anna du lurer på?

Kanskje finn du svaret blant dei vanlegaste spørsmåla vi får om båtførarprøva og båtførarbeviset. Viss ikkje, er du velkomen til å kontakte oss.

Eg har mista båtførarbeviset. Kva gjer eg?

Du kan søkje om eit nytt bevis (duplikat).

Eg har ikkje norsk fødselsnummer. Korleis kan eg registrere meg?

Utan norsk fødselsnummer registrerer du deg til prøva gjennom eit av testsentera våre. Ta direkte kontakt med testsenteret.

Kan eg føre båt i utlandet med båtførarbeviset?

Båtførarbeviset gir deg rett til å føre båt i Noreg. Det er ikkje sikkert at det er godkjent i andre land, så vi tilrår at du sjekkar kva reglar som gjeld der du skal.

Mange land krev eit International Certificate of Competence (ICC), som er ein internasjonal standard for fritidsbåtsertifikat.

Kan eg bruke eit utanlandsk båtførarbevis i Noreg?

Ja, Noreg godtek utanlandske båtførarbevis, så sant:

  • du har med deg originalbeviset
  • beviset inneheld ei skildring av det på engelsk
  • du har ei engelsk omsetjing av pensumet som beviset ditt dekkjer
  • dette pensumet dekkjer pensumet til det norske båtførarbeviset

Er du usikker på beviset ditt, kan du kontakte oss eller Sjøfartsdirektoratet.

Kan eg få utferda båtførarbevis med høgare maritim utdanning/sertifikat?

Ja, dersom du har eitt av desse:

  • Fritidsskippersertifikat eller fritidsbåtskippersertifikat (D5L/D5LA)
  • Dekksoffisersertifikat
  • Militære maritime sertifikat av tilsvarande grad
  • Anerkjent utanlandsk båtførar- eller kvalifikasjonsbevis med like eller høgare førarrettar enn det norske båtførarbeviset. Legg ved dokumentasjon på at beviset er nasjonalt anerkjent.

Har du anna teoretisk kompetanse, må du sjølv sende oss nok dokumentasjon. Dokumentasjonen må vise at utdanninga dekkjer hovudelementa i pensum til båtførarprøva. Det er til dømes ikkje nok å vise til eit vitnemål med «Prosjekt til fordypning» eller «Tverrfaglig eksamen». Legg også ved fagplanen eller læringskrava som skildrar innhaldet i faget.

Dette gjer du gjennom ein duplikatsøknad.

Sjå alle spørsmål og svar
E-post
bat@norsktest.no
Telefon
7897 3500
Opningstider
måndag–fredag 08:30–15:00