Slik bestiller du
Viktig når du opprettar profil: Søkjer du om duplikat, skal du ikkje betale for båtførarprøva (kr 940,-). Duplikatet betaler du først når søknaden er godkjend.
-
Logg inn på Mi side
Har du ikkje profil i båtførerregisteret, opprettar du ein først.
-
Klikk «Bestill duplikat»
Du finn knappen på profilsida di.
-
Følg stega i søknaden
Last opp det vi ber om. Dataa blir sletta når søknaden er handsama.
-
Betal når søknaden er godkjend
Du får melding på e-post og SMS når du kan betale.
Dette må du laste opp
-
Legitimasjon
Bilete av gyldig legitimasjon: pass, nasjonalt ID-kort eller førarkort.
-
Bilete
Eit ansiktsfoto til båtførarbeviset. Biletet må vere teke rett framanfrå, mot ein kvit eller lys bakgrunn, utan forstyrrande effektar.
-
Dokumentasjon på bestått prøve
Berre dersom du ikkje allereie er registrert med bestått båtførarprøve eller tilsvarande kompetanse i båtførerregisteret.
Usikker på om du er registrert? Vi sjekkar registeret når vi har fått søknaden, og gir deg melding dersom du må laste opp dokumentasjon.
-
Namneendring
Har du endra namn etter at du tok båtførarprøva, må du laste opp stadfesting på namneendringa.
Pris og levering
-
Pris
Duplikatet kostar kr 531,-. Du betaler på Mi side når søknaden er godkjend, og beviset blir sett i produksjon når betalinga er registrert.
-
Leveringstid
Normalt 2–3 veker etter at søknaden er godkjend og betalinga er motteken. Beviset blir sendt i posten.
Godkjend dokumentasjon
Dette godkjenner vi dersom du ikkje er registrert i båtførerregisteret
- Kopi av gammalt båtførarbevis
- Kopi av vitnemål der sjøfart eller båtførarprøva er valfag
- Båtførerkort utferda av Norske Båtskoler
- Båtførerdiplom
- Stempla og signert utskrift av sensorprotokoll, eller stadfesting frå sensor
- Stadfesting på bestått eksamen ved Statens sjøaspirantskoler
- Fritidsskippersertifikat eller fritidsbåtskippersertifikat (D5L/D5LA)
- Dekksoffisersertifikat
- Militære maritime sertifikat av tilsvarande grad
- Anerkjent utanlandsk båtførar- eller kvalifikasjonsbevis med like eller høgare førarrettar enn det norske båtførarbeviset. Legg ved dokumentasjon på at beviset er nasjonalt anerkjent.
Anna teoretisk kompetanse
Søkjer du på grunnlag av anna kompetanse enn den over, må du sjølv sende oss nok dokumentasjon. Dokumentasjonen må vise at utdanninga dekkjer hovudelementa i pensum til båtførarprøva.
Det er til dømes ikkje nok å vise til eit vitnemål med «Prosjekt til fordjuping» eller «Tverrfagleg eksamen». Legg også ved fagplanen eller læringskrava som skildrar innhaldet i faget.
Spørsmål?
Ta kontakt med oss på e-post, så hjelper vi deg.