Båtførerregisteret

Kandidatinformasjon
båtførarprøva

Viktig å vite

  • Aldersgrense

    Du må ha fylt 14 år for å ta prøva. Beviset blir utferda når du fyller 16 år.

  • Talet på oppgåver

    Prøva har 50 oppgåver.

  • Tidsavgrensing

    Du har 60 minutt. Du får eit varsel når det er 5 minutt att.

  • Krav til bestått

    • 80 %

      totalt på prøva

    • 80 %

      i emne 4 «Særskilt viktige emne»

    Du må ha minst 80 % på begge for å bestå.

Før prøva

Gjennomføring av båtførarprøva

Før prøva må du registrere deg, betale eksamensgebyret og melde deg på. Du melder deg på i testkalenderen eller hos eit testsenter.

Ta med godkjent legitimasjon. Prøva blir teken på datamaskinene eller nettbretta til testsenteret – du kan ikkje bruke din eigen.

Adresse ved registrering

Båtførarbeviset blir sendt i posten til adressa du oppgir når du registrerer deg. Skriv heile adressa, med husnummer og eventuell bokstav (til dømes 12B), og sjå over at ho er stava rett.

Namnet ditt må stå tydeleg på postkassen, elles kan det hende at beviset ikkje kjem fram.

Kan du ikkje ha namnet ditt på postkassen, kan vi sende beviset til ei c/o-adresse. Send oss ein e-post med adressa og namnet på personen som bur der. Den personen må ha namnet sitt tydeleg på postkassen.

Eksamensgebyr

Gebyret må vere betalt før du tek prøva. Du kan betale når du registrerer deg, eller seinare på Mi side.

Hjelpemiddel

Du kan bruke:

  • Kartsamlinga (fire kart)
  • Parallellforskyvar, linjal, stikkpassar eller rullelinjal
  • Penn eller blyant
  • Kladdeark
  • Kalkulator

Nokre oppgåver krev kartsamlinga, og du kan få spørsmål frå alle dei fire karta.

Etter prøva

Registrering av resultat

Resultatet blir vist på skjermen når prøva er ferdig. Du ser om du har bestått, og kor mange prosent du fekk i kvart av dei fire emna.

Du får ikkje sjå resultatet på kvart enkelt spørsmål.

Når du har bestått

Du får båtførarbeviset i posten, normalt innan 2–3 veker. Biletet du har lasta opp på Mi side, må først vere godkjent.

Bilete til båtførarbeviset

Vi kan ikkje lage båtførarbeviset før biletet er godkjent. Biletet må oppfylle desse krava:

  • Teke ståande (portrett), der ansiktet fyller biletet
  • Sjå rett fram i kameraet
  • Nøytralt ansiktsuttrykk – ikkje smil eller poser
  • Heile ansiktet synleg, utan skuggar
  • Ingen solbriller, caps eller andre hovudplagg
  • Brukar du briller, må det ikkje vere refleks frå blitsen i glasa
  • Lys, jamn bakgrunn, helst ein kvit vegg utan dørkarmar eller liknande
  • Stå ca. 1 meter frå veggen, så du ikkje kastar skugge på han

Kontinuasjonsprøve

Består du ikkje, kan du ta prøva på nytt etter 14 dagar. Eit nytt forsøk kostar kr 495,-.

Tilrettelegging

Tilrettelagd prøve

Har du lese- eller skrivevanskar, kan testleiaren gi deg 20 minutt ekstra. Vanskane må vere dokumenterte i god tid før prøva.

Treng du at spørsmåla blir lesne opp for deg, søkjer du Norsk Test om det.

Opplesing av spørsmål

Testsystemet kan lese opp tekst for deg. Merk teksten og trykk på avspelingsknappen.

Du må bruke hovudtelefonar eller øyreproppar med leidning. Trådlaust utstyr er ikkje tillate.